Fredrik Steen - Breaking Dad

February 15, 2019 1:03 PM
Teater

FREDRIK STEEN

Det er ei glede å ha Fredrik tilbake på Rick’s! Sunnmøringen med den vittige tunga og dei sylskarpe observasjonane er ein avveteranane i det norske standup-miljøet som slo rot i Oslo på byrjinga av90-talet. For mange er han òg mannen bak ein av Norges største revysuksessar,nemleg Hildegunn Moltubakk. I tillegg er han svært stolt av å vere ”kvartbergensar”.

Første gongen Hildegunn og Leif-Per Moltubakkbesøkte Rick’s selde dei 13.000 billettar på fem veker! Men denne gongen kjemFredrik utan Hildegunn, men med eit svært leikent og overraskande show ikofferten - om farskap, kjærleik og skilsmisser - og det å ha 4 ungar med 3ulike mødre. Ingen kan i alle fall beskulde Fredrik for å drive med innavl!

Siste året har Fredrik bemerka seg i ei hovudrollei humorserien «Match» på NRK1, ein serie som har hausta svært gode kritikkar.VG slo til med terningkast 6, og Fredrik sine prestasjonar blei lagt merke til

«Steen snakker kommentatorspråketflytende og utviser fantastisk og voldsomt engasjerende faktekunst. (...)Sunnmøringen kunne skapt flammende entusiasme rundt både bussventing,potetskrelling og panteautomater. Send ham gjerne til OL.»

Breaking Dad er Fredrik sitt fjerdesoloshow, og regien er ved Tom Sterri.

Kjøp billetter
Rick

Rick er din vert når det inviteres til fest og moro på nye Rickshuset.

Aktuelt

Ønsker du å reservere bord?